No er det snart jul igjen
Der vil det som vanleg vere stelt til med kafé, minikonsert, drilloppvising og trekning av lotteri. Det er altså berre å sette av denne ettermiddagen, så skal vi saman sørge for å få julestemninga på plass. Drilljenter til NM for første gong
Det er første gong drilljenter frå Førde skulemusikkorps deltek i eit norgesmeisterskap. Jentene har tidlegare gjort det svært godt både under regionale konkurransar som fylkes- og regionmeisterskap, og i store konkurransar som Stavdrillen på Askøy. No legg dei altså lista endå eit hakk høgare og prøvar seg i NM. Korpskonsertar for store og små
Dagen etter, måndag 22. mars kl. 17.30, vert det på ny lyd i gymsalen på Førde barneskule. Då inviterar Førde skulemusikkorps foreldre og familie i 4. klasse til Korps i skulen–konsert. Også dette skuleåret har nemleg 4.klassingane brukt musikktimane på å å lær å spele på korpsinstument. Så denne måndagsettermiddagen held dei altså konsert for å vise kva dei kan. Førde skulemusikkorps vil også bidra med utdrag av repertoaret sitt. Vidare blir det informasjon til barn og foreldre om kva korpslivet kan tilby. Julegrantenning på torget
I Førdehuset vert det sal av mat og drikke, korpset spelar konsert, drilljentene visar konkurranseprogramma sin og vi skal lykkehjul og loddtrekning. Utsett påskereisa, gå på konsert!Den 6. april, måndag i påskeveka, kjem NUK – Nordvest ungdomskorps til Førde og Førdehuset med sin konsert basert på songane og melodiane til Frank Sinatra, «Sinatra Our Way». Tre av våre lokale heltar har plass i dette orkesteret som teljer innpå seksti medlemmar. Full tenning på adventstida
Sveinung Nordtveit var som vanleg programførande nisse, mens Stein Oltedal delte med oss tankar omkring advent, lys og forventingar. Deretter var det klart for høgdepunktet denne ettermiddagen, og i det same korpset stemde i med «Nå tennes tusen julelys» kom det lys på juletreet. Store og små hadde danna ringar og song med. Spar pengar, la ungane spele i korpsKvar einaste haust kjempar alskens organisasjonar om å kapre nye medlemmer og halde på dei gamle. Dette gjeld særlig dei som aktiviserar barn og unge, medrekna skulekorpsa landet rundt. Så også i Førde, og kor mange gongar har vi ikkje høyrt foreldre snakke om at det er så dyrt å ha ungar i korpset? Regionkorps øvar i FørdeNUK, Nordvest Ungdomskorps, – tidligare kjend som Nordfjord Ungdomskorps, skal i helga frå 19. – 21. september ha samling i Førde. NUK er eit janitsjarkorps i regi av Norsk Musikkorpsforbund og er sett saman av korpsmusikarar i alderen 13 til 20 år frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Deltakinga i NUK kjem i tillegg til speling i lokale korps og fungerer som ei ekstra utfordring til dei som ønskjer seg noko ekstra å strekkje seg etter. Førde skulemusikkorps
Følges av 5 medlemmer.
På denne sona vil vi fortløpande legge ut nyhende, bilde og informasjon som har interesse utover det indre liv i korpset. Det kan vere ulike arrangement i eigen eller andre sin regi, konsertar og andre oppdrag. Meir info, bilde og video er å finne på heimesida vår forde.skulemusikkorps.no Mer om sonen Førde skulemusikkorps er en sone på Origo. Les mer Annonse | |||||||||||